Geiranger Camping ligg i sentrum av Geiranger, for enden av den vakre Geirangerfjorden. Vi kan tilby plasser med eller utan straum for bubilar, campingvogner og telt. Campingplassen har eit moderne sanitæranlegg og vann- og tømmeservice for bubilar. Vaskeri med myntautomater. Trådlaust internett. Resepsjon med storkiosk.


Campingplassen har ei lang strandlinje og ei elv som renn gjennom området. Det er lov til å fiske i fjorden og vi har robåter til leige. Brygge med fortøyningsplass for gjestar.

Avstanden til sentrum med daglegvare, suvenirbutikker, kafe
ar, turistinformasjon og andre servicetilbod, samt offentlig kommunikasjon, er ca 200 meter.


Populære aktiviteter i området er fjordturer og fotturer.
Geiranger Fjordservice, sjå www.geirangerfjord.no, tilbyr guida turer på fjorden.
Campingplassen er eit godt utgangspunkt for fotturar i området. Det finnst eit turkart med oversikt over merka råser av ulik lengde.

Det kjente utsiktspunktet Flydalsjuvet ligg ca. 4 km frå campingplassen. Fjelltoppen Dalsnibba (1500 moh) ligg 22 km unna, og dit kjem ein via ein privat bomveg.

Geiranger er eit godt utgangspunkt for dagsturar i en spennande og variert region. I løpet av få timar kan ein kome seg frå fjordlandskapet til høgfjellet, breheimen eller kysten. Populære utfluktsmål er Trollstigen, Ålesund, Briksdalsbreen, Strynefjellet, Loen, Atlanterhavsveien, Runde og Lom.

Geiranger er en juvel i det vestnorske fjordlandskapet, og turistar søkjer hit for å oppleve den unike naturen med fjell, fjordar og fossefall. Samtidig som det i sentrum av bygda myldrar av menneske frå alle delar av verda, kan ein finne stille og ro i omgjevnadane omkring.


Geirangerfjorden står på Unesco si verdensarvliste, sjå www.verdsarvfjord.no

Campingplassen er open 10.mai - 30. september