|
Geiranger Camping ligg midt i turistbygda Geiranger, og er eit godt utgangspunkt
for både sightseeingturar på fjorden, fotturar og andre utflukter. Campingplassen har lang
strandlinje og panoramautsikt til dei mange cruiseskipa som ankrar opp inst i Geirangerfjorden. Vi har utleige av robåtar, trøbåt, eiga brygge for gjestane våre og det er fritt fiske i fjorden.
Det er også moglegheit for å leige kayak og vi har trådlaust nettverk samt datamaskin med tilgang til internett. Vi har plass til ca. 140 campingeinheiter, og uttak
for elektrisitet ved 70 av desse. I sanitæranlegget er der eit eige rom for funksjonshemma, stellerom
for småbarn, vaskemaskiner, tørketomlar og kjøkken. Det er storkiosk med dagligvarer som mjølk og
brød på plassen, og kort gangavstand til andre servicetilbud som dagligvarebutikk, turistkontor, buss og ferge, ulike
serveringsstader og post i butikk. I sentrum finner du også eit spennande kunstgalleri, eit historisk minimuseum, samt fleire gåve- og
souvenirbutikkar. Er du på gjennomreise, på utkikk etter ein fast feriestad, eller berre på utkikk
etter ly for natta, er du velkomen.
Helsing eigarane Lars Maråk og Synnøve Maråk |