| Informasjon | Prisar | Kontakt oss | Bilde | Turistbåtar| Meir i Geiranger | Webcam |
Geiranger Camping ligg midt i turistbygda Geiranger, og er eit godt utgangspunkt for både sightseeingturar på fjorden, fotturar og andre utflukter.

Campingplassen har lang strandlinje og panoramautsikt til dei mange cruiseskipa som ankrar opp inst i Geirangerfjorden.

Vi har utleige av robåtar, trøbåt, eiga brygge for gjestane våre og det er fritt fiske i fjorden. Det er også moglegheit for å leige kayak og vi har trådlaust nettverk samt datamaskin med tilgang til internett.

Vi har plass til ca. 140 campingeinheiter, og uttak for elektrisitet ved 70 av desse. I sanitæranlegget er der eit eige rom for funksjonshemma, stellerom for småbarn, vaskemaskiner, tørketomlar og kjøkken.

Det er storkiosk med dagligvarer som mjølk og brød på plassen, og kort gangavstand til andre servicetilbud som dagligvarebutikk, turistkontor, ulike serveringsstader, post og bank.

I sentrum finner du også eit spennande kunstgalleri, eit historisk minimuseum, samt fleire gåve- og souvenirbutikkar.

Er du på gjennomreise, på utkikk etter ein fast feriestad, eller berre på utkikk etter ly for natta, er du velkomen.

Helsing eigarane
Lars Maråk og Synnøve Maråk